Blåmann

Blåmann Blåmann, bukken min,
tenk på vesle guten din!
Bjørnen med sin lodne fell
kan deg taka seint i kveld.
Gamle Lykle, moder di,
seint kom heim med bjølla si.
Så ikring seg ho mund’ sjå
liksom der var fare på.

Det såg ut som der var naud,
kanskje no du ligger daud.
Tidt du dansa kringom meg,
mangt eg rødde då med deg.